Språk:
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Om RUP Norge


VELKOMEN TIL RUP NORGE

OM RUP NORGE

Bakgrunnen for utviklinga av RUP-Norge var mangelen på gode verkty for definering, styring og samordning av regionale utviklingsprosessar (1999). Ein av hypotesane i samband med utviklinga av ein felles prosjektdatabase (Etablerix 1999-2001), var at ein slik felles database kunne fungera som eit slikt verkty.

Samarbeid og samordning krev at dei ulike aktørane kjenner til kvarandre sine overordna mål, ansvar, rollar, ressursar, aktivitetar, planar, etc., og kommuniserar dette med kvarandre. Det kunne ein få til med ein felles prosjektdatabase.

Samstundes ville truleg ein felles prosjektdatabase fungera som eit effektivt nettverksverkty for aktørane. Di fleire regionar, aktørar og prosessar som var med i ein slik database, di betre ville effekten bli. Utfordringa vart derfor å utvikla i slikt verkty, og få mange brukarar.

I SIV-prosjektet (Samarbeid om Internasjonalisering på Vestlandet) vart derfor ei vidareutvikling av Etablerix spelt inn som eit delprosjekt. Målet var å etablera ein felles prosjektdatabase for Vestlandet, med vekt på dei internasjonale prosjekta og andre internasjonale prosessar. RUP-Norge (versjon 2.0, januar2005) er ei vidareutvikling av Etablerix (versjon 1.0), og eit resultat av SIV-prosjektet (Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune 2001 – 2004).

Med røynsle frå den fyrste versjonen, og andre regionale IKT-verkty, fann ein det naudsynt å ta omsyn til ei rekkje kritiske suksessfaktorar for å lukkast. I RUP-Norge, versjon 2.0 er dei aller fleste av desse faktorane teke omsyn til. Men nye kritiske suksessfaktorar dukkar stadig opp. Desse må ein også ta omsyn til, men ein kan aldri vera sikker på å lukkast.

Sogn og Fjordane fylkeskommune var tidleg ute med dette verktyet. Det er vanskeleg å sjå at andre har utvikla liknande verkty. Det som liknar mest i 2011, 12 år etter oppstart av Etablerix, og 7 år etter utviklinga av RUP Norge, er faktisk Facebook. RUP Norge kan sjåast på som Facebook for regionale utviklingsprosessar, der alle prosessane er "vener" med kvarandre, med ei felles framside, og eigne sider for prosjektprofilar.

Dei som nyttar facebook, kjenner straks att logikken og strukturen i RUP Norge. Facebook sin suksess har derfor verka positivt inn på bruken av RUP Norge. Ein har merka auka interesse for RUP Norge i 2011, og ikkje minst at fleire snakkar om problemstillingar som RUP Norge er konstruert for å løysa. Med RUP Norge får alle brukarar den aller beste "gjennomføringsevne", som i 2010 og 2011 har vorte eit moteord.

METODE OG DEFINISJONAR

I RUP Norge har ein integrert to hierarki, det regionale hierarkiet og målhierarkiet. Saman dannar desse to hierarkia grunnstrukturen i RUP Norge.

I RUP Norge er det regionale hierarkiet definert ved områda nasjon, fylke, kommune. I tillegg kan ein definera mellomnivå som t.d. regionråd, landsdelar, unionar av fleire land og fylke. Målet med regionale utviklingsprosessar er normalt at dei skal føra fram til fellestiltak for innbyggjarane og/eller næringslivet innanfor eit definert geografisk område. Forankring til område er derfor obligatorisk i RUP Norge.

I RUP Norge er målhierarkiet definert ved visjon, satsingsområde og program. Prosjekt og tiltak kan nyttast som del av prosesshierarkiet. Ein har høve til dela program inn i fleire delprogram.  I målhierarkiet må ein nytta SMART-måldefinering, for å sikre samanheng mellom nivåa.

Visjon er i RUP Norge definert til å vera ein ønska status eller situasjon for ein region ein gong i framtida. Tidsperspektivet kan t.d. vera 10 – 30 år. Det er vanleg at visjonar vert oppdaterte kvart fjerde år i fylke og kommunar, gjennom høvesvis fylkesplanar og kommuneplanar. Ein visjon er alltid knytt til eit geografisk område.

Satsingsområde, program og delprogram er i RUP Norge prioriterte, langsiktige og målretta satsingar (prosessar), som bør strekka seg like langt fram i tid som visjonen. Ein visjon kan ha mange satsingsområde, eit satsingsområde mange program, og eit program mange delprogram.

Prosjekt er normalt kortsiktige prosessar på 1-4 år, forankra i satsingsområde eller program. Prosjekt opprettar ein primært for å finne ut kva konkrete tiltak ein skal utvikla og etablera, for å nå målsetjingane i program og delprogram. Ein kan også oppretta prosjekt og tiltak rett under visjon og satsingsområde. Det finst mange typar prosjekt, med ulike rollar, alt etter kvar ein er i innovasjonsprosessen.

I RUP Norge er det ein funksjon i høgre kolonne som er kalla prosesskart. Trykk på denne, og du får fram ein "trestruktur" kva prosessar som er linka til den prosessen du står i.

Det skal vera samanheng mellom nivåa i målhierarkiet/prosesshierarkiet. Om ein etablerar tiltak som gjer at ein når måla i delprogramma, så skal ein samstundes ha positive effektar på måloppnåing i overordna program, satsingsområde og visjon. Di lengre opp i måhierarkiet ein kjem, di mindre relativ effekt kan ein venta seg på det overordan målet, og di vanskelegare er det å dokumentera effekt av tiltak på mål. Dette er ein viktig grunn for at ein skal splitte opp regionale utviklingsprosessar til handterlege prosessar før ein opprettar prosjekt og tiltak.

Alle prosessane i RUP Norge definert etter same prosess-struktur ved mapper. Mappene er skildring, mål og resultat, plan og framdrift, institusjonar, mannskap og rollar, økonomi og dokument. Kvar mappe har fleire underpunkt, eller felt. Obligatoriske felt er merkt med * (stjerne).

Til kvar definert regional utviklingsprosess (RUP), har ein høve til å legge til meldingar, aktivitetar og rapportar. Det er definert fleire typar av kvar kategori. Til meldingar og aktivitetar er det også kopla kalendarfunksjon.

RUP Norge kan nyttast som prosess-styringsverkty, frå forslag til avslutning. Alternative ”status” for kvar prosess er forslag, godkjent, oppstarta, avslutta. Avslutta prosessar blir arkiverte i same system, og kan lett finnast att.

RUP Norge har ein rapportgenerator, som kan generera fullstendige statusrapportar og sluttrapportar i word format ved eit museklikk. Rapportane vil også innehalde ein oversikt over delprosessar, dokument, meldingar, aktivitetar og rapportar, med link til alle desse frå dokumentet.

RUP Norge er tilrettelagt for fleire språk. Ein vil i tillegg til norsk (bokmål og nynorsk) også ha engelsk som alternativ.

SØK ETTER REGIONALE UTVIKLINGSPROSESSAR

Start med søk i heile basen

På framsida, oppe til venstre, er fritekstsøk for heile RUP Norge databasen. Eventuelle treff vert sortert i gruppene prosessar, meldingar, aktivitetar og rapportar, med praktisk sortering også innan kvar gruppe. Dette er den raskaste måten å leita etter informasjon. Kjenner du kode eller ID til det du søker, kan denne måten vera svært nøyaktig.

Start med område

Ein kan starta med eit definert område, ved å nytta kartet eller søkeboksane oppe på framsida. Då kan ein bla seg nedover i hierarkiet, for å sjå kva prosessar som finst for dette spesielle området. For kvar prosess kjem også tilhøyrande informasjon fram.

Start med menyen til venstre

Dersom ein er på søk etter regionale utviklingsprosessar, som ein veit tilhøyrer eitt av nivåa i målhierarkiet, kan ein nytta menyen til venstre. Ein får då opp eit omfattande søkeskjema, for detaljert søk. Det er søkeboksar for fritekst, område for visjonen, sektor, status, internasjonal status, område for aktivitet og institusjonar og mannskap.

Forankringa attande til område og visjon, vert alltid vist over informasjonen. I kolonnen til høgre vert vist etablerte delprosessar, eller underliggande prosessar. I denne kolonnen vert også vist aktuelle meldingar, aktivitetar og rapportar.

SØK ETTER MELDINGAR, AKTIVITETAR ELLER RAPPORTAR

Start med menyane til venstre

For kvar av modulane meldingar, aktivitetar og rapportar, finn ein søkeboksar i høgre kolonne, for detaljert søk. På denne måten kan ein finna det ein leitar etter direkte. Alle treff viser forankring attende til tilhøyrande regional utviklingsprosess.

Start med ein regional utviklingsprosess

Start slik som skildra over. Når du har funne den aktuelle regionale utviklingsprosess, får du også ein oversikt over eventuelle meldingar, aktivitetar og rapportar.

TILGANG TIL RUP NORGE

Hente informasjon

Alle kan henta informasjon frå RUP Norge. All informasjon i RUP Norge skal vera open for ålmenta.

Administrasjon av RUP Norge

Det er to typar administratorar. Det er superbrukar og bidragsytar.

Superbrukaren har rett til å oppretta, redigera og sletta visjonar og prosessar i tildelt område. Han kan oppretta, redigera og sletta meldingar, aktivitetar og rapportar til visjonar og prosessar i tildelt område. Superbrukaren kan oppretta nye superbrukarar og bidragsytarar i sitt tildelte område.

Bidragsytaren har ikkje rett til å oppretta eller sletta visjonar, men kan få rett til å redigera visjonar. Superbrukaren definerar kva prosess bidragsytaren skal ha rett til å redigera. Bidragsytaren har rett til å oppretta, redigera og sletta delprosessar, under den prosessen han får tilgang til. Han kan tilsvarande oppretta, redigera og sletta meldingar, aktivitetar og rapportar til delprosessane.

AVTALE MED VEST NORGES BRUSSELKONTOR 

Utvikling, vedlikehald og drift av prosjektdatabasen

”Målet med oppdraget er å etablere ein felles prosjektdatabase for internasjonale prosjekt med offentleg deltaking for Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Sogn og Fjordane fylkeskommune har ansvaret for utvikling og vedlikehald av databaseverktøyet, og for at aktørane i de tre fylka får opplæring i bruk av databasen. Sogn og Fjordane fylkeskommune har eit redaktøransvar for prosjektdatabasen. Dette arbeidet skal ledast av Arne Monrad Johnsen, Sogn og Fjordane fylkeskommune” (Vest Noregs Brusselkontor, januar 2004, utdrag)

UTVIKLINGA AV RUP NORGE

Sogn og Fjordane fylkeskommune, ved regionalavdelinga, har leia utviklinga av RUP Norge, og står i dag som eigar av verktyet. Oppdraget starta i 1999, med å utvikla ein portal for det offentlege, retta mot etablerarar og nyskaparar, som ei meldingsteneste (Etablerix).

Utviklinga heldt fram i SIV-prosjektet (2001 til 2004), som var eit samarbeidsprosjekt om internasjonalisering på Vestlandet, mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. RUP Norge er resultat av delprosjekt 2a: ” Nettverk, informasjon og verkty – Felles prosjektdatabase som verkty for samarbeid og kommunikasjon mellom offentlege konsulentar". SIV-prosjektet har finansiert den siste utviklinga av RUP Norge.

I 2005 har utviklinga fyrst og fremst vore retta inn mot avtalen med Vest Noregs Brusselkontor. Samarbeidet med Vest Noregs Brusselkontor har også vore til hjelp for utviklinga av verktyet


Prosjektleiar:
Arne Monrad Johnsen
Regionalavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Askedalen 2
Norge
E-post: arne.monrad.johnsen@sfj.no
Mobil: +47 415 30 978

InCreo AS har stått for programmeringa. Samarbeidet mellom InCreo og prosjektleiaren har vore av beste sort. Prosjektleiaren er svært takksam for alle kreative innspel og godt utført arbeid. Internett: www.increo.no




Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Hordaland Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke