|
Program
Forankring: S&Fj - Fylkesplan 2005-2008 > Opplevingsnæringar |
 |
|
|
 |
ID:
631 |
Akronym:
Opplevingsnæringar |
Tittel:
Program opplevingsnæringar i Sogn og Fjordane |
|
|
Heimeside:
|
Bakgrunn og utfordringar:
Fylkestinget vedtok Fylkesplanen 2005 – 2008, Vegen vidare for Sogn og Fjordane den 9. juni 2004. Hausten 2004 vedtok Fylkesutvalet ei oppfølging kalla ”Frå plan til handling” og oppnemnde sju arbeidsgrupper med definerte satsingsområde som fekk i oppgåve å konkretisere mål, strategiar og forventa resultat.
Desse sju satsingsområda var:
- Industri
- Småskala næringar og lokalsamfunn, og bruk og vern
- Havbruk og fiske
- Nye næringar / tenester
- Folkehelse og livsutfalding
- Ungdom
- Folkestyre og medverknad. Offentleg verksemd.
Arbeidsgruppene la fram sine tilrådingar i form av rapportar juli 2005. Fylkesplanen og rapportane ligg på FK sine nettsider.
Program ”opplevingsnæringar” er avleidd av desse satsingsområda. Programmet skal vurdera strategiar og forslag frå dei ulike satsingsområda, om desse kan ha noko føre seg i høve opplevingsnæringar.
I fleire av satsingsområda har ein lagt vekt på å få fram tiltak som kan vera med å utvikla den einskilde bedrift (produksjonsmåtar, produkt, verdikjeda, etc.), men også eksterne rammevilkår ( infrastruktur, lover, reglar, tilskot, skular, etc..) og utvikling av fellestiltak (organisasjonar, nettverk, marknadsføring, destinasjonsutvikling, etc..).
|
Strategi:
Avgrensingar Det er vanskeleg å gje ein eksakt definisjon på opplevingsnæringar, og samanlikna med tilgang på utviklingsmidlar ynskjer Programstyret følgjande prioriteringar når det gjeld tildeling av økonomiske midlar:
- Konkret og synleg verknad framfor utgreiingar og generelle prosjekt.
- Mest mogeleg oppleving pr krone.
- Må ha konkret effekt for næringslivet og/eller stor verdi for lokalsamfunnet.
- Unngå saker og tiltak som naturleg høyrer heime hjå andre finansieringskjelder.
- Unngå store saker som Programstyret ikkje har tilstrekkeleg økonomisk ramme til.
Utlysing av midlar På grunn av den korte tidsfristen har programstyret i 2006 ikkje invitert/utlyst slik at ulike aktørar kunne søkje på midlar frå programmet. Frå 2007 vil programstyret gå ut meir offentleg slik at det blir større merksemd og konkurranse om midlane.
Arbeidet i programstyret Programstyret legg til grunn at styret får fullmakt til å fordele midlar til konkrete tiltak innanfor eit definert budsjett. Dette budsjettet bør vere avklart så tidleg som mogeleg på nyåret slik at styret kan legge opp eit fornuftig arbeid med omsyn på innhente forslag, vurdere og prioritere mellom mange gode saker.
Programstyret vil også bruke tid på å evaluere dei tiltaka som alt er i gang, med tenlege rapporteringar som kan nyttast i det vidare arbeidet med å utvikle opplevingsnæringane. Vi skal også bruke RUP-Norge ( www.rup.no) som verkty slik at vi kan vere oppdaterte på nettet.
Programstyret vil også leggje til rette for møteplassar med erfaringsutveksling mellom bedrifter og organisasjonar som driv med opplevingsnæringar, og mellom dei ulike programområda i fylkesplanen. Slike tiltak bør likevel ikkje ta nokon stor del av budsjettet.
Programstyret vil leggje opp ein møteplan/framdrift for arbeidet gjennom året, om lag slik:
1. kvartal: Skaffe oversikt over tilgjengelege midlar og innhente/invitere til gode tiltak(hovudsakleg ei oppgåve for sekretariatet)
2. kvartal: Prioritere og tildele midlar(møte i Programstyret)
4. kvartal: Evaluere verknaden av tiltak. Erfaringsutveksling med andre program. Erfaringsutveksling mellom aktørar innan opplevingsnæringar. Legge føringar for neste år(møte i Programstyret) |
Status:
Oppstarta |
Vedtak:
Organ: Fylkesutvalet Sogn og Fjordane fylkeskommune Møtedato: 14.12.2005 Arkivsak: 04/3616 L.nr. 22855/05 Sak: 122/05 Tittel: Felles regionalt utviklingsprogram for Sogn og Fjordane
Organ: Hovudutval for plan og næring Møtedato: 20.06.2006 Arkivsak: 06/2929 Sak: 31/06 Tittel: Budsjettdisponering 2006 - programplanar
|
Sektor:
Innbyggjarane, Kulturarven, Naturarven, Næringslivet, Turistane, Ungdom
|
Tidfesting av statusendringar:
| År forslag: |
2005 |
| År godkjent: |
2006 |
| År oppstarta: |
2006 |
|
|
|
Internasjonal status:
|
Verkemiddel område:
|
Kode og nøkkelord:
opplevingsnæringar, oppleving, explore, reiseliv, turisme, helse, sport, fritid, opplevsf |
|
 |
|
 |
|
|